Verken fugl eller fisk – pop up-verkstad på Runde miljøsenter

I samband med Vårryddedagen har vi gleda av å invitere kunstnarduoen Prestgaard / Andersen til Runde. 

  • Sted

    Møre og Romsdal

  • Dato

  • Arrangør

    Runde Miljøsenter

I samband med Strandryddedagen har vi gleda av å invitere kunstnarduoen Prestgaard / Andersen til Runde. Dei er kjende for å skape fargerik og tankevekkjande kunst av plast – og no tek dei med seg pop up-verkstaden sin til oss! Her kan du både sjå, lære og sjølv få prøve å gi strandplast nytt liv gjennom kreativ utfalding.

Velkomen til Runde søndag ettermiddag 22. mars. Vi arrangerer strandryddeaksjon på Voldsund tidlegare på dagen, les meir om det her:
https://fb.me/e/3Zc0rEKlt

Du er hjartleg velkomen om du har deltatt på aksjonen på Voldsund, har rydda på eigen hand eller om du berre har anledning til å kome rett til Runde.

Kafeen held ope til kl. 17.00 og serverer varm mat og drikke, så det er berre å kome innom for ei hyggeleg og inspirerande oppleving.

Arrangementet vert gjennomført med støtte frå Hurtigruten Foundation og Handelens Miljøfond.