Vårryddedagen på Voldsund

Runde Miljøsenter og Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal inviterer søndag 22. mars til strandryddeaksjon på Voldsund.

Andreas Solbakken
  • Sted

    Møre og Romsdal

  • Dato

  • Arrangør

    Runde Miljøsenter og Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal

Laurdag 21. mars er den nasjonale strandryddedagen Vårryddedagen og i dette høvet arrangerer vi strandryddeaksjon på søndagen på Voldsund.

Aksjonen blir arrangert i samarbeid med Runde Miljøsenter, Opplev Runde, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal, Herøy Frivilligsentral, Herøy Kajakklubb med fleire.
Aksjonen er open for alle og det er områder å rydde som passar for folk i alle aldrar. Opplev Runde stiller med noko lite å bite i og kaffi/saft. På aksjonen blir det utlevert ryddesekkar og hanskar. Planen er å få rydda mest mogleg av Voldsund + områda rundt. Herøy Kajakklubb planlegg tur rundt Voldsund og vil då kunne ta dei områda som er vanskeleg å nå til fots, medan andre frivillige ryddar forskjellige delar av området basert på kor langt dei ønskjer å gå og kor komfortable folk er med å ferdast i fjøra.

Etter ryddeaksjonen er det mogleg å bli med til Runde Miljøsenter ilag med Kari Prestgaard og Astor Andersen, som jobbar som kunstnarar og vil lage til kjekke aktivitetar i lag med oss. Les meir her:
https://fb.me/e/4bEJBphRK

Oppmøtestad blir ved Vestplast på Voldsund.

Hald av dagen og kryss fingrane for fint vêr (og i det minste ei snøfri fjøre)!
Ta kontakt med Ovidie Mari Lynge (e-post: ovidie@runde.no; tlf: 40623432) om du har nokon spørsmål.