Vårryddedagen på Runde
Nettverk marin forsøpling Møre og Romsdal inviterer til Vårryddedagen på Runde lørdag 22. mars!

Sted
Møre og Romsdal
Dato
Arrangør
Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal
Kommune: Herøy
Den store Vårryddedagen er ein nasjonal dugnad i regi av Hold Norge Rent, der vi ryddar strendene etter vinterstormane – før fuglane kjem tilbake!
I år inviterer vi ALLE til å bli med på ryddeaksjonen på Runde, der vi saman skal ta eit krafttak for naturen. Etter ryddinga samlast vi på Runde Miljøsenter for ein skikkeleg after-rydd med musikalsk innslag!
Vi ryddar stranda i Katarina-vika, frå Rundebrua og sørover mot Søre Handfanganet. Ta med godt humør – vi stiller med ryddeutstyr! Alle er velkomne til å bidra!
After-rydd på Runde Miljøsenter, Artist og tidspunkt kommar.
Vi gler oss til ein fantastisk ryddedag saman med deg!
Vil du vere med heile helga?
I år er Vårryddedagen ein del av Vårsamlinga på Runde 2025, eit helgearrangement for medlemmar i Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal. Helga byr på foredrag, filmvisning og sosialt samvær. Dersom du brenn for marin forsøpling og vil vere med, kan du bli medlem (gratis) og melde deg på Vårsamlinga innan 15. mars.
Bli med på heile Vårsamlinga – bli medlem i nettverket her: https://www.facebook.com/groups/620270508419987
Meld deg på Vårsamlinga innan 15. mars.