Ryddeaksjon i Ornes og Kinsedalen
Bli med på ein lokal ryddeaksjon på Ornes søndag 16. august kl. 11.00, og hjelp oss med å ta vare på fjorden og nærmiljøet.

Sted
Vestland
Dato
Arrangør
Sogn Friluftsråd og Framtidshavet
Bli med på ein lokal ryddeaksjon på Ornes søndag 16. august kl. 11.00, og hjelp oss med å ta vare på fjorden og nærmiljøet.
Saman med Ornes Grendalag, Framtidshavet og Sogn Friluftsråd inviterer vi alle som vil bidra til ein reinare fjord. Vi ryddar langs fjorden og i området rundt Ornes og kinsedalen
Sogndal Dykkerklubb har eiga ryddeaksjon og vil hente opp gamle dekk og anna søppel frå kaikanten.
Vi stiller med ryddeutstyr, og avsluttar dagen med enkel servering og sosialt samvær. Ta med familie, vener eller naboar alle er velkomne! Vi får også besøk av Kenneth Bruvik & Ben Ward, som kjem for å delta i ryddeaksjonen.
Dette blir ein signalaksjon før Rein Sognefjord 10. september, der me ønskjer å vise kor mykje ein kan få til på berre nokre timar med dugnadsinnsats, og filme innsatsen undervegs.


