Rydde Glesnesvegen 4 til 434 samt Goltavegen

Onsdag 29. april samlast vi for å gjere det fint langs vegen ut mot Glesvær, Golta og Telavåg til Kausland – bli med!

  • Sted

    Vestland

  • Dato

  • Arrangør

    Torunn Utvær

Onsdag 29. april samlast vi for å gjere det fint langs vegen ut mot Glesvær, Golta og Telavåg til Kausland. Øyvar stiller med sekker og hanskar som deles ut ved kyrkjelydshuset på Kausland. Der vil vi bli delt inn i grupper, og alle grupper får kvar si sone dei skal rydde i. Ta med refleksvest slik at vi er godt synlege. Vi skal rydde på begge sider av vegen. Etter at de har plukka boss blir det hotdog, brus, kaker og kaffi i kyrkjelydshuset. Ryddeaksjonen byrjar kl 17:00 og blir avslutta ved kyrkjelydshuset ca kl. 21:00. Dei som ynskjer å delta vel sjølv kor lenge dei kan være med. Meld frå om du vil delta med bossplukking, evt. kjøkkenhjelp eller baking innan 24. april til kontaktperson for ryddeaksjonen: Fredrik Mortensen. E-post: fredrik.a.mortensen@gmail.com Telefon: 934 09 141. Vel møtt!