Rein Hardangerfjord
For fjerde året på rad inviterer Framtidshavet til Rein Hardangerfjord – en ryddeaksjon for å rydde hele fjorden. Bli med 17. september!

Sted
Vestland
Dato
Arrangør
Framtidshavet
Kva er Rein Hardangerfjord?
Rein Hardangerfjord er ein ryddedugnad der målet er å samle så mykje plast me klarar på ein dag langs Hardangerfjorden!
Dette er fjerde året på rad me arrangerer Rein Hardangerfjord, og så langt har me samla nesten 50 tonn plast! Me ser fram til å gjenta suksessen endå ein gong – blir du med?
Me legg til rette for at du enkelt skal kunne delta på dugnaden i din kommune, og bidra til å halde fjorden rein!
Korleis kan du bidra?
Alle kan vere med på Rein Hardangerfjord! Anten du er ein enkeltperson eller ein del av ei gruppe, skal det vere mogleg for deg å bidra i nærleiken av der du bur.
For å kunne leggje til rette for offentlege aksjonar i din kommune, det vil sei ein aksjon som kven som helst kan melde seg på, treng me frivillige ryddeleiarar som kan ta ansvar for å leie ei ryddegruppe.
Å vere ryddeleiar inneber ikkje så veldig mykje ansvar altså, du må berre sørgje for å hente hanskar og bossekkar til gruppa di på avtalt stad, at bosset havnar i riktig container etter dugnaden, og at dei frivillige på gruppa di har det fint. Ei kjekk, sosial, og lavterskel men viktig oppgåve!
Dersom du har lyst å delta som frivillig utan å ha ekstra ansvar, kan du melde deg på ein offentleg aksjon i din kommune.
Dersom du er ein del av eit lag eller ei gruppe som har lyst å delta, kan ein melde gruppa på dugnaden som ein eigen aksjon.
Om du ikkje har anledning til å vere med på ryddinga men har lyst å bidra likevel, treng me óg hjelp med transport og logistikk.


