Andregongstenesta oktober

Andregongstenesta fortset i Florø 8. oktober og kvar torsdag ut månaden!

  • Sted

    Vestland

  • Dato

  • Arrangør

    Fjordane Friluftsråd

Andregongstenesta fortset i Florø 8. oktober og kvar torsdag ut månaden!

Vi held fram med aktivitetstilbodet «Andregongstenesta» i Florø – vår frivillige «miljøverneplikt.»

Gjennom heile hausten 2026 inviterer vi til jamlege ryddeaksjonar der vi saman tek vare på naturen der vi bur. Vi reiser ut med båt, plukkar boss og ryddar strender i nærområdet.

Dette er eit lågterskeltilbod med godt humør og plass til alle. Her får du vere med på ein sosial møteplass der du gjer noko nyttig, kjem deg ut og blir kjend med både folk og natur.

Oppmøte: kl. 11.00 utanfor kontoret vårt ved Horne Brygge
Tid: kl. 11.00–14.00

Vi dreg ut i skjergarden og ryddar saman.
Etter ryddinga samlast vi på kontoret til noko lett å bite i og ein kopp kaffi.
Arrangementet er gratis, og alle er hjarteleg velkomne!

DEL GJERNE! 🌞