Årets finalistar til ryddeprisen Gullklypa 2024

Fem finalistar er no nominerte og kjempar om Noregs gjevaste miljøpris, Gullklypa 2024. Dei flotte finalistane er Ellen Sandvik Mikkelsen, Andreas Brandvoll, John Gunnar Broks, Søgne Dykkerklubb og Lamo Marked!

Ein av finalistane: Søgne Dykkerklubb er nominert til miljøprisen Gullklypa 2024.

Kvart år deler Hold Norge Rent ut Gullklypa. Utmerkinga er ei hyllest til ein eldsjel eller organisasjon som har gjort ein ekstraordinær innsats mot forsøpling i året som har gått. I tillegg til ære og heider, får vinnaren av Gullklypa ein pengepremie sponsa av Ragn-Sells.

I år blir Noregs ryddepris delt ut under eit eige haustarrangement i oktober. Meir informasjon om arrangementet kjem over sommaren.

Sterke kandidatar

Av fleire titals forslag har juryen plukka ut fem finalistar basert på desse kriterium:

Juryen består av Carl Pedersen, partneransvarleg i Hold Norge Rent, Øystein Solevåg, dagleg leiar i Attvin, Ina Giske, vinnar av Gullklypa 2023, forfattar og frivillig strandryddar.

Ein enorm frivillig innsats i Noreg

– Det har vore både rørande og imponerande å lese alle dei fine nominasjonane og kjenne på den enorme frivillige innsatsen som blir lagt ned mot marin forsøpling langs heile den langstrakte kysten vår. Som jurymedlem vil eg takke alle frivillige ryddarar, som kvar for seg fortener ein heiderspris, forklarar jurymedlem Ina Giske, fjorårets vinnar av Gullklypa.

– Sjølve utveljinga har vore svært krevjande, då det er mange verdige vinnarar. Juryen er veldig stolte av finalistane vi har kome fram til, som alle har gjort ein unik innsats og stått opp mot forsøpling i årevis, avsluttar ho.

Årets fem finalistar er:

Ellen Sandvik Mikkelsen (Træna, Nordland)

Ellen Sandvik Mikkelsen har sidan 2022 leia organisasjonen Vårt Hav, men sidan 2017 har Ellen vore ein nasjonal storleik innan kunnskap om førebygging og frivillig opprydding av marin og annan forsøpling. Ellen var sentral i etablering av Kystlotteriet og har bidrege til at det frivillige ryddemiljøet i Noreg er så sterkt som det er i dag.

Ellen har mobilisert tusenvis av menneske til å bidra, og jobbar metodisk med å byggje nettverk som varer. Arbeidet hennar har resultert i at minst 500 tonn herrelaust avfall har blitt fjerna frå norsk natur. Ellen har bidrege til å byggje kunnskap om forsøpling, og deler denne kunnskapen med frivillige ryddarar, skuleklasser, myndigheit, kommuner og til media.

Ellen Mikkelsen har i over eit tiår vore ei drivkraft i arbeidet mot marin forsøpling – både lokalt, regionalt og nasjonalt. Engasjementet hennar koplar kampen mot forsøpling saman med samfunnsutviklinga, og bidreg til å byggje og skape nytte og verdi for havet, så vel som lokalsamfunn som lev ved og av havet.

– Eg har koordinert tusenvis av frivillige – barn, ungdom, eldre, innsette, flyktningar – for berekraft og marin ryddeinnsats dei siste 15 åra. Det handlar ikkje berre om rydding, men å gjere det mogleg og meiningsfullt for alle, forklarar Mikkelsen.

Andreas Brandvoll (Asker, Viken)

Andreas Brandvoll er Plastpiraten frå Filtvet. Andreas sin grunnidé er at «Plastpirat» kan alle bli – det kostar ingenting anna enn litt innsats. Sidan 2018 har Andreas vore Admiral i organisasjonen som no seglar med rundt 25 fartøy der fartøy kan flyte.

Med tilnærma ingen økonomisk støtte utanom frå medlemmar og sporadiske bidrag, jobbar Andreas ubetalt for å rydde opp i hav og elv. Samstundes har Andreas eit stort hjarte for menneske.

Andreas inviterer alt frå skuleklasser, ministrar, bedrifter og folk med livsutfordringar til å rydde opp, gjennom heile året. Det er ikkje få som har fått augene opp for problem vi menneske har laga for havet, etter å ha møtt Admiralen på ryddeaksjon.

«Plastpiratene» har bidrege til å fjerne over 300 tonn sidan Andreas etablerte organisasjonen – og fjerning av båtvrak i Oslofjorden har blitt ein av Andreas sine fanesaker, og arbeidet set berre i gong utan at Andreas ventar på økonomisk støtte frå verken myndigheit eller fond. Det handlar berre om ein ukueleg vilje til å gjere ein innsats for andre og for miljøet.

– Plastpiratane gir alle ei moglegheit til å bidra – låg terskel, stort engasjement. Eg vil inspirere folk til å stå opp mot forsøpling, forklarar Brandvoll.

John Gunnar Broks (Magerøya, Finnmark)

Ikkje noko avfall er for stort eller for lite for John Gunnar Broks. I sitt utrettelege arbeid med å rydde Finnmarkskysten har han satt seg som mål å fjerne kvar einaste knuste plastbit frå brøytestikkene som er etterlatt etter vinteren. Men han sagar også opp båtvrak, og leverer dette saman med bilvrak, campingvognar og snøscootarar til opphogging. John Gunnar får også mobilisert Kystvakta for å transportere skuleklassar til vanskeleg tilgjengelege område som treng rydding.

John Gunnar Broks har ein entusiasme, eit humør og ein humor som bidrar til å mobilisere også dei rundt han til å vere med på oppryddinga.

– Eg la merke til all metallskrapen i fjæra ved Honningsvåg og sette i gang – med barnehagar, skular, frivillige og Kystvakta. Så langt har vi fjerna over 1 000 tonn avfall frå Finnmark, forklarar Broks.

Søgne Dykkerklubb (Kristiansand, Agder)

Søgne Dykkerklubb har sidan desember 2015 jobba systematisk med å fjerne spøkelsereiskap og anna søppel fra havbotnen. Dei har gjennomført ryddeaksjonar på store deler av Sørlandet og har vore ein føregongsaktør i oppryddingsarbeidet av tapte fiskereiskap i Noreg. Klubben er ein stor inspirasjon for andre dykkerklubbar i heile landet. Dei reiser også rundt og hjelp andre dykkerklubbar med opplæring og å rydde, samstundes som dei engasjerer frivillige til å bli med på dugnaden for havet og miljøet.

Dykkerklubben har i underkant av 100 medlemmar og organiserer ryddeaksjonar jamnleg, heile året. Sidan starten har dei rydda over 10 000 tapte fiskereiskap. Søgne Dykkerklubb driv også viktig haldningsskapande arbeid, og samarbeider tett med andre aktørar i regionen. I 2022 mottok dei Kristiansand kommune sin miljøpris for sitt arbeid.  

– Vi er folkets auge under vatn – når tapte reiskapar og søppel dukkar opp, ryddar vi og viser kvifor folk må engasjere seg mot forsøpling i havet, forklarar leiaren i dykkarklubben, Karl Klungland.

Lamo Marked (Trondheim, Trøndelag)

Lamo Marked har sidan dei starta i 2022, jobba for å byggje tradisjon rundt nasjonale ryddedugnadar, men med urbane område i sentrum. Dei ryddar der forbrukaren er, og deltek aktivt under Vårryddedagane, Byryddedagane og Rydd Nidelven. Målet er å skape gode ryddeopplevingar, som bygg kultur for tradisjon. 

Lamo Marked jobbar med ulike prosjekt for sosial inkludering og tidleg innsats for eit medvite forbrukarsamfunn og inkluderande byutvikling med miljøvern og aktivitet i fokus.  Organisasjonen løftar fram frivilligheit som eit viktig verktøy i byutvikling og utvikling av ein nabolagsmodell tilknytta lokasjon MV24 (Lademoen), som er ein samskapingsarena for etablering av sosialt entreprenørskap som organisasjonsform i Noreg.

– Vi ryddar, reparerer og skaper fellesskap. Grønne Spor knyter folk saman – frå ungdom til dei som står utanfor arbeidslivet – for ein reinare bydel, forklarar Janka Otting frå Lamo Marked.