Barnas strandryddedag

I anledning Strandryddeveka 2026 og Barnas Strandryddedag, ryddar Sjøhesten Hippo ved Valderhaugstranda i Giske kommune!

  • Sted

    Møre og Romsdal

  • Dato

  • Arrangør

    Happy Ocean Studios

I anledning Strandryddeveka 2026 og Barnas Strandryddedag, ryddar Sjøhesten Hippo ved Valderhaugstranda i Giske kommune, saman med Knasteriet Forlag og Besteforeldrenes Klimaaksjon, Ålesund og omegn💚

Fleire av barnehagane i nærleiken er invitert💚

Dette er eit arrangement med hovudfokus på barn, så her står kos og engasjement som står i sentrum🙌
Vi tenner bål på stranda, ryddar og kosar oss, og kanskje vil Ina lese litt frå boka om Sjøhesten Hippo og plasten i havet, om vêret tillet det💛💚

Det blir servering av gul saft til barna og kaffi til dei vaksne, samt kjeks og snacks.

Sjøhesten Hippo byr også på sine grøne miljøburgarar til lunsj💚

Ta gjerne med eigne ryddehanskar om du har, om ikkje har vi! Sekkar og posar står vi for. Kle deg etter vêret, og ta turen! 🤗

Sjøhesten Hippo har sjølvsagt ryddediplomar på lur til alle små strandreddarar som er med og gjer ein innsats 💛💚

Lurer du på noko, ta kontakt med Ina på mobilnr. 41243338🤗

Info om den Strandryddeveka 2026:
https://holdnorgerent.no/nasjonale…/strandryddeuka/