Strandrydding i Solund

Fjordane Friluftsråd, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Framtidshavet inviterer til ryddeaksjon i Solund!

  • Sted

    Vestland

  • Dato

  • Arrangør

    Fjordane Friluftsråd, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Framtidshavet

Her er påmeldinga til strandrydding på dagtid, frå kl. 11.00.
___________________________________________________________________

Livet i og ved fjorden. Ein hyllest til fjorden og kvifor me må ta vare på han om bord på litteratur- og kulturbåten Epos.

Velkomen til ein kveld om bord på Epos! Me set søkjelyset på Sognefjorden – livet i og ved fjorden. Korleis kan me saman løfte fram dette unike landskapet?

Dagen startar i Hardbakke kl. 11:00, med forfattar og biolog Pia Ve Dahlen som ønskjer velkomen og står for introduksjonen.
Vi ryddar strender frå kl. 12:00 – 15:00, med Litle Trovågen som utgangspunkt. Epos og Skjærgårdstjenesten sørgjer for transport til og frå ryddeområdet.

Kl. 17:30 inviterer vi til matservering om bord på Epos, med atterhald om at serveringa fell bort dersom det er for få påmelde. Etter maten frå 18:00 blir det føredrag og ulike arrangement med mellom andre Pia Ve Dahlen, Sigri Sandberg og Kenneth Bruvik. Se lenke for påmelding til måltid og kulturarrangement: https://fb.me/e/6i1nSOCEQ

Du kan vere med på både strandrydding og kulturprogrammet, eller bli med på berre éin av delane. Vi håpar du vil bli med, alle er hjarteleg velkomne!