Rein Sognefjord i Hyllestad

Hyllestad kommune inviterer til ryddeaksjon og pizzakveld i forbindelse med Rein Sognefjord – bli med!

  • Sted

    Vestland

  • Dato

  • Arrangør

    Hyllestad kommune

Har du rydda boss i veke 37 i samband med Rein Sognefjord 2026 og levert det i containeren i Leirvik eller Sørbøvåg?

Vi gjentek den same suksessen som i fjor og inviterar born og vaksne til ein sosial og velfortent pizzakveld på Hotel Sognefjord!

Inngangsbillett: Vis eit bilete som dokumenterer at du har delteke i ryddinga, anten som del av ein organisert aksjon eller på eige initiativ.

Hugs at alt bosset må leverast i utsette containerar på Sørbøvåg eller i Leirvik, så innsatsen vert registrert.

I 2024 vart det registrert at det vart rydda om lag 1,3 tonn avfall. I 2025 auka innsatsen ytterlegare, og det vart rydda og registrert imponerande 4,6 tonn plast i Hyllestad.

I år er siste gongen Rein Sognefjord vert arrangert og finansiert av Framtidshavet, og vi håpar difor på minst like stort engasjement som tidlegare år!

👉 Trykke «skal» på arrangementet vert oppmoda, slik at vi kan berekne rett mengde mat og redusere matsvinn.
Vel møtt til ei kjekk avslutning på ein viktig innsats, for naturen, fjorden og fellesskapet 💚