Vårrydding i Stryn
KN Reinhald inviterer til delles ryddeaksjon i Stryn, rett i etterkant av Vårryddedagen – bli med!

Sted
Vestland
Dato
Arrangør
KN Reinhald
Hei! 😊
Vi inviterer alle som har lyst til å bidra til ein felles ryddeaksjon i Stryn.
Målet er enkelt: å gjere nærområdet vårt ryddigare og meir triveleg for både fastbuande og dei mange turistane som besøker bygda vår.
Alt avfall som blir samla inn kan leverast i ein tilhengar som blir plassert utanfor lokala til KN Reinhald AS, i Visnesvegen 11.
KN Reinhald AS sørger for transport og levering av avfallet til gjenvinningsstasjonen – dette blir gjort utan kostnad for deltakarane.
Ta gjerne med familie, venner og naboar. Jo fleire som deltek, desto større forskjell får vi til saman.
Vi håpar mange vil vere med og bidra til å halde Stryn rein, ryddig og triveleg for alle.


